Tilbake til alle arrangementer

Live podcast: mohnitor – Kor godt skal dyra våre ha det?

Menneske kan ikkje ha det bra om ikkje dyra våre har det bra, er eit mantra frå den amerikanske filosofen Alice Crary, og ser på haldningar til dyr som ein helseindikator på samfunnsnivå. Då skal ein kanskje være på vakt. For dyrevelferda er under press, spesielt i produksjonen av mat.

Aukande folkesetnad og knappare ressursar gjer at krava til matproduksjon endrar seg, og spesielt om kosthaldet dreier frå plantebasert mat til kjøt og fisk. Ei gjennomgripande industrialisering har nemlig prega husdyrhald gjennom dei siste åra. No er det matproduksjon som gjeld og omsynet til økonomi og effektivitet utfordrar andre verdiar knytt til forholdet mellom dyr og menneske. I nyare tid finst det mange døme på at industriøkonomiske omsyn går nokså tungt utover omsynet til dyrevelferd. Men jo betre husdyra skal ha det, desto dyrare blir maten vår.

Korleis skal ein balansere dei ulike omsyna som er involvert i dyrehald og matproduksjon?

Med:

Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, redaktør, Bondevennen

Aksel Braanen Sterri, postdoktor i filosofi ved UiO og leiar av tankesmia Langsikt

Forrige
Forrige
28. mai

Wonderful Nachspiel med Torkild Jemterud

Neste
Neste
29. mai

Kvantedatamaskiner – hype eller datarevolusjon?