Vekst eller nedvekst?
Av Klaus Mohn
Rektor og professor, Universitetet i Stavanger
Artikkelen ble først publisert i KÅKÅnomics festivalavis 13. oktober 2023
Økonomisk vekst har manglar som mål på velferd og utvikling, men er vanskeleg å erstatte.
Frå kritisk hald får eg stundom høyre at økonomar flest har ei snever tilnærming til velvære, velferd og livskvalitet. Instinktivt rykker eg til, og innvender at økonomifaget byd på ei stor og kraftig verktøykasse som kan betre forståinga av både menneskenatur og samfunnsstruktur. Men etter å ha tenkt over saka eit par tiår, skal eg likevel innrømme at kritikarane kan ha eit poeng og to.
Økonomar er opptekne av å telje og måle. Problemet er at fenomen som livskvalitet er vanskelege å fange i eit tal. Difor ender ein gjerne opp med å måle noko som ligg nær, og som let seg måle. Dette er nok ein viktig grunn til at faktorar som produksjon, inntekt og forbruk gjerne får stor plass når økonomar resonnerer om velferd.
Den overskyggande indikatoren på nasjonalt nivå er BNP, eller bruttonasjonalprodukt, som måler verdien av alle varer og tenester som blir produsert i eit land i løpet av eit år. Høyrer du omgrepet økonomisk vekst, så er det som oftast å forstå som prosentvis årleg endring i BNP. Denne tilnærminga til vekst og velferd er ikkje fullstendig på jordet. Mangt og mykje av det som er viktig for vårt levesett er omfatta av eit slikt materielt mål på velstand. Samstundes er det viktige aspekt ved individuell og sosial velferd som slepp unna.
Til dømes er måling av materiell verdiskaping avgrensa til varer og tenester som blir omsett i ein marknad. Dette inneber at all ubetalt eigeninnsats i eller utanfor heimen ikkje vil bli rekna med i bruttonasjonalproduktet, og dermed heller ikkje i grunnlaget for måling av vekst og framgang. Til dømes gjeld dette husarbeid, hagearbeid, samt ubetalt omsorg for barn, sjuke og tilårskomne. På mange slike område blir det altså skapt verdiar som slepp unna dei gjengse måla for økonomisk aktivitet.
Sjølv om velferd og vekst heng saman med inntekt og forbruk, så kan samanhengen være både variabel og ustabil. Ei dobling av inntekta betyr til dømes meir for den opplevde levestandarden om du er fattig enn om du er rik. På samfunnsnivå burde ein difor kanskje legge større vekt på vekst for dei fattige enn for dei rike. Bruttonasjonalproduktet gjer ikkje slike skilnadar, og viktige nyansar rundt utviklinga i velferd står dermed i fare for å sleppe unna.
Med store utfordringar knytt til klimaendring og tap av natur har søkelyset blitt retta mot vår iver etter materiell framgang som den store syndaren, og mot manglane ved bruttonasjonalproduktet som velferdsmål. Drivet etter materiell økonomisk framgang har sett natur og ressursar under stadig større press, med aukande risiko for utarming, utrydding, øydelegging og klimaendring som resultat.
Det er femten år sidan Joseph Stiglitz ble beden av den franske presidenten om å leie ein kommisjon som skulle greie ut alternative mål på økonomisk aktivitet og sosial framgang.
Her argumenterte ein for ei større vekt på livskvalitet (lykke) og berekraft i mål på velferd og utvikling. Sluttrapporten fekk stor merksemd ved publiseringa, men innverknaden på praktisk politikk har i ettertid vore avgrensa.
Kritikken mot den tradisjonelle tilnærminga til materiell økonomisk verdiskaping og vekst står likevel ved lag. Fleire alternativ blir no undersøkt og utforska av politikarar og forskarar, og gitt opphav til omgrepet de-growth, eller nedvekst på norsk. Kritikken mot materiell vekst er korkje sameint eller konsolidert, men utforskinga av alternativ til BNP som mål på velferd og utvikling er ein fellesnemnar som fortsatt held stand. Drivet etter eit betre liv ligg djupt i menneskenaturen, og pregar åtferd både på individuelt nivå og på samfunnsnivå. I ein moderne marknadsøkonomi er materiell velferd knytt til omfanget av forbruk, og dette gjer inntekt og produksjon til sentrale indikatorar for velferd og framgang.
Marknadsbaserte materielle mål på velferd har store manglar, og kan samstundes redusere merksemda rundt store samfunnsutfordringar som klimaendring og naturtap. Korleis omsynet til materielle verdiar skal balanserast mot omsynet til opplevd velvære og større samfunnsutfordringar er spørsmål som fortsatt er tent med kontinulerleg merksemd, gjennom forsking, debatt og politikkutforming. ∎