Eg tok heilt feil om Wonderful World


Tekst: Jan Zahl
Publisert 5. juni 2023 i Stavanger Aftenblad


Bra eg ikkje jobbar som spåmann. For mine spådommar om filosofi- og vitskapsfestivalen Wonderful World slo på ingen måte til.

Her er det eg tenkte, i mitt stille sinn, i forkant av Stavangers nyaste festival, Wonderful World:

«Ein heilt ny festival – om vitskap og filosofi!? Off Broadway, i Stavanger øst!? I juni!? Same helg som Flydag på Sola, Energistafett, Musikkfest og gatekunstfestival i sentrum, Jærdag og -nått på Bryne. Med sære tema som «Effektiv altruisme», «Generell relativitet og interstellar vitenskap». Eller «Psykedelisk terapi og spirituell opplevelser». Attpåtil med fint vêr!

Dette kan umogleg gå godt!»

Eg var ganske sikker på at det kom til å bli pinlege greier. Som nokre av dei første Kapittel-arrangementa eg var på, for mange år sidan, før det blei ein årviss publikumssuksess. Før, då det var fleire folk på scenen enn i salen.

Dermed var eg overraska allereie torsdag kveld, på det første arrangementet eg nådde. Klokka var 21.30 – og på loftet på Tou var det stappfullt av folk! Det måtte vera fordi temaet var så tabloid: «Den store kanselleringsdebatten»?

Men nei.

Stappfullt

Gjennom heile helga har eg teke feil. I fire dagar til ende har det vore stappfullt av folk på arrangement etter arrangement. Eldre og unge!

Sidan mange av dei 90 arrangementa gjekk parallelt, fekk eg berre med meg ti av dei. To av dei var eg debattleiar for sjølv, begge stappfulle. Men overalt eg gjekk, var det masse folk. Inne og ute på Tou og The Garden var det skikkeleg festivalstemning!

Eg møtte masse begeistra og inspirerte folk. Som hadde høyrt noko dei ikkje hadde tenkt på før. Som hadde fått vita noko dei ikkje visste frå før. Som hadde fått noko nytt å tenkja på. Noko nytt å snakka om.

For sånn fungerer altså ein vellukka snakkefestival. Som ein slags hoppestokk for tanken: Du flyr plutseleg litt høgare. Tanken kan ta eit ukjent sprang. Kroppens viktigaste muskel – hjernen – har fått litt trim.

Wonderful!

Eg veit ikkje heilt kvifor eg var så pessimistisk i forkant. Om det er regionen eller arrangørane som bør kjenna seg mest fornærma. Om eg mistrudde den sære ideen og programmet eller undervurderte den utvida siddisens intellektuelle interesser.

Sannsynlegvis var det ein kombinasjon.

Men det viktige, vakre og interessante er altså at eg tok heilt feil. Ikkje berre finst det i Stavanger marknad for ein stor Kapittelfestival i september. Eller økonomifestivalen Kåkånomics i oktober.

Det finst pinadø også marknad for ein filosofi- og vitskapsfestival i juni.

Og eg tenkjer for meg sjølv: For ei vedunderleg verd!

Forrige
Forrige

Hurra for Kåkånomics